Uteområdet - utvikling siste året

Dette året har gått fort! Du verden så mykje som har skjedd med barnehagen sitt uteområde... Vi nærmar oss no innspurt på grunnarbeid - no skal vi bu oss inn på området, og det gler vi oss til!

Oppstart ! Her flytta vi stikkelsbærbuskene og førebudde til utviding av plassen framfor inngangen.

Vi byrja deretter på gangvegane opp mot ny grillhytte. Alle nye vegar og tilkomstar er universelt utforma med rette mål, avstandar og hellingar.

 

Ny sandkasse i hjerteform og asfaltering av området ved inngang

 

Nytt amfi….

 

……og grillhytte

 

Vi fortsatte like godt med del to – skuleplassen med nytt dissestativ og betre tilkomst frå parkeringsplassen.

Når graset vert grønt, plantar og bærbusker veks til og nye leikar kjem på plass håpar vi barna får ein spennande boltreplass med ulike utfordringar og kjekke aktivitetar.