Gloppen er med i AV-OG-TIL , som er ein organisasjon som arbeider for alkovett i befolkninga. AV-OG-TIL er ikkje ein fråhaldsorganisasjon, men driv haldningsskapande arbeid for godt alkovett i samfunnet. Alkovett er å reflektere over korleis eige alkoholinntak kan påverke ein sjølv og andre, og å ta bevisste val på bakgrunn av dette. Målet er å redusere dei negative konsekvensane av alkoholbruk, for den enkelte og for samfunnet.
Rusfagleg forum i kommunen har bestemt at vi skal vere med på denne kampanjen og sørge for at bodskapet om alkovett kring barn og unge syner igjen i Gloppen i desember. Vi kjem til å bruke avisa, stå på stand og informere via infoskjermane ulike stader i kommunen.