Barnehagedagen 2019 - "Eg lurer på..."

Ved å vere nysgjerrige, spørjande, undre seg og utforske lærer barna om verden rundt seg. Gjennom leik, undring, utforsking og skapande aktivitetar skal barna utvikle kunnskap og ferdigheter innan ulike områder. For å lykkast med det må vi bruke varierte arbeidsmåtar, og ta utgangspunkt i barnet og barnegruppa sine behov. Det må vere plass og rom til barn sin nysgjerrighet, og vi må klare å fange opp barna sine ulike signal og stimulere til undring og utforsking, skape engasjement, interesse og motivasjon til nye erfaringar, kunnskap og opplevingar.

Barnehagen er bevisst på barna sine ulike uttrykksformer og tilrettelegge for medvirkning.
Vi vil markere barnehagedagen ved å vise korleis vi arbeider for å ivareta og stimulere barna sin nysgjerrighet.

KVA ER HOLI???

Dei eldste barna lurer på kva HOLi er. Gjennom bilete, forteljingar, aktivitetar, leik og utforsking skal barna få eit innblikk i kva HOLI er og handlar om.

KORLEIS LAGE VULKAN? KORLEIS FÅ ROSINER TIL Å DANSE?

Mellomgruppa skal forske på kva som skjer viss..... Gruppa skal gjere ulike forsøk med å setje saman ulike element - då kan det skje overraskande ting.

KVA SKJER NÅR VI PLANTAR FRØ???

Dei minste barna skal plante ulike frø og løkar i ein boks med ei glasside. Kva skjer med frøet når det får lys, varme og vatn?

Dette er ein del av eit prosjekt som vil vare til sommaren.