Menn i barnehagen

Handlingsplan for likestilling 2004 – 2007 hadde som mål å få inn 20% mannlege tilsette i barnehagane innan utgangen av 2007.

Dette barnehageåret er vi 12 tilsette i Rygg barnehage. Tre av dei tilsette er menn! I tillegg har vi ein mannleg vikar som stiller opp. Dette utgjer 25% mannlege tilsette.

Dette er tal og fakta, men personalet i barnehagen utfyller kvarandre med ulik aldersamansetning, kjønnsinndeling, kulturell bakgrunn og identitet. Vi har alle vår innverknad på arbeidet for å nå våre felles mål. Dette gjer kvardagen vår både lærerik og innhaldsrik – for barn og tilsette!

«Ein større andel menn i barnehagane er ein hovudnøkkel til auka likestilling i barnehagen. Forskrift om rammeplan slår fast at likestilling mellom kjønna skal gjenspegle barnehagen sin pedagogikk»

(temahefte om menn i barnehagen)