Den grøne tråden

Barnehagen deltek i prosjektet «den grøne tråden». Barnehagane og skulane i Gloppen kommune har gått saman om eit prosjekt for å løfte fram klima, miljø og berekraftig utvikling som tema i heile opplæringsløpet i kommunen: Vi ynskjer å nøste ein grøn tråd frå barnehage, gjennom barneskule og ungdomskule, til vidaregåande skule. Besøk denne bloggen https://dengronetraden.wordpress.com/om/ og sjå kva skulane og barnehagane gjer.

I fagområdet natur, miljø og teknikk skal barna få opplevingar og høve til undring i naturen. Borna skal lære å verte bevisste på korleis vi brukar og tek vare på naturen. Vi viser hensyn og omsut for dyrelivet og planteriket.

«Fagområdet skal bidra til at barn vert kjend med og får forståing for plantar og dyr, landskap, årstider og veir. Det er eit mål at barn skal få ei byrjande forståing av tydninga av ei bærekraftig utvikling. I dette inngår kjærleik til naturen, forståing for samspelet i naturen og mellom mennesket og naturen» (rammeplan for barnehagar).

I 2015 innførte Gloppen kommune «ruskeplukkelova». Vi lærer barna å ta med rusk heim etter tur, og kaste det i bosspann. Kvar år har barnehagen ein ryddedag der vi plukkar og samlar boss langs vegen. Dette aukar barna sin bevissthet og verdigrunnlag omkring kva som vert forventa av dei.