Planleggingsdagar 9. og 10. oktober

Måndag og tysdag denne veka hadde vi planleggingsdagar i barnehagen. Måndag var alle barnehagetilsette i Gloppen samla til kurs på Gloppen ungdomsskule. Tema: "Den viktige samtalen med barn". Tysdag arbeidde vi m.a med språkløyper, ny rammeplan og overgang mellom barnehage og skule. Planleggingsdagane gjev oss gode høve for å kunne arbeide grundigare med ulike tema, og med engasjerte tilsette får vi gode diskusjonar og refleksjonar. Vi har hatt 2 innhaldsrike planleggingsdagar :)