November - Runnevang, førskulegruppe og utflukter

November har vore ein flott månad! Vi har fått både regn, vind, sol og snø. Vi har vore med på mykje kjekt.

Denne månaden var dei eldste på Blåklokka og solsikkene på tur til Draumekvila. Vi laga hjerte til ein god venn som vi hang opp i kjærlighetsskogen før vi gjekk opp dei bratte bakkane. Barna er veldig sterke i beina så det går heilt fint!

I Runnevang får vi utfolda oss! Her har vi god plass til leik med fargeskjerm, klatring i ribbevegg, hinderløyper, dans, sangleikar og ballaktivitetar.

 

Førskulegruppa arbeider med antal og mengde. Dei finn på mange nye måtar å lære på.

 

Vi har vore i fjøsen med kalvane – dei veks og vert store. Det er kjekt å få vere med på å gje dei flaske.