Barnehagedagen 2018

Tysdag 13.mars var det markering av barnehagedagen. Vi har arbeidd mykje med formingsaktivitetar der vi har skapt flotte produkt. Å skape nysgjerrighet og kreativitet hjå barna ved å gje dei opplevingar og erfaringar med ulike element er viktig. Her er nokre eksempel på korleis vi arbeider med kunst og kreativitet.

Barn treng å få prøve ulike former for materiell og utstyr for å gjere seg kjende med materiellet sine eigenskapar.

På bildet ser vi barna lage sine eigne isskulpturar. Å måle på is gjev ein særleg flott effekt. Etterpå brukte vi skulpturen til å trykke bilde.

 

Vi har også undra oss saman med barna. I vinter har vore så heldige å hatt mykje snø. I forsøk på å lage sportrykk i gips måtte vi leite etter gode hjortespor.

Vi har også brukt isflak til å lage islykt saman med barna. …