Smitteverntiltak for Rygg barnehage – COVID-19

MÅL: Hindre spreiing av COVID-19 smitte. Dette er tiltak som gjeld både foreldre og personalet i barnehagen. Desse kan verte endra når myndighetene har vurdert kva tiltak som skal vidareførast.

  • God handhygiene:

  • Alle skal vaske hendene med såpe og vatn når ein kjem i barnehagen og når ein går heim frå barnehagen.

  • Pass på handvask med såpe og vatn ved toalett, stell, måltid, hosting, nysing, skifte av aktivitet og når ein kjem inn etter ein har vore ute.

  • Bruk elles sprit ved behov.

 

  • Små barnegrupper:

  • Unngå å vere mange samla.

  • Delingstal på fire. Ved fleire enn fire barn skal gruppa delast i to. Ein skal då vere fysisk adskilt frå kvarandre.

  • Vaksne held to meter avstand til kvarandre, så mykje avstand som mogleg til barn og barna i mellom.

  • Ver ute så mykje som mogleg.

      

  • Leikar og utstyr:

  • Begrens mengde leikar og utstyr om vert teke i bruk. Rydd vekk materiell som ikkje er nødvendig. Vask leikar/ material som er brukt.

 

  • Reingjering

  • Vaskeservantar, dørhandtak, toalettknapp, dørkarmar, telefon, i-pad, leikar.

  • Eit personal har ansvar for vask/ desinfisering kvar dag.

 

  • Bemannning og tid:

  • Det skal vere nok bemanning til å ta seg av hygienetiltak.

  • Det skal vere nok bemanning til å begrense relasjonane.

  • Det skal vere nok bemanning til å ha små grupper.

  • Det skal vere begrensa, avtalt opphaldstid for barna.