Barnehagedagen "Små steg for kloden"

Tysdag 9.mars markerte vi barnehagedagen. I år var temaet "små steg for kloden". Korleis lærer vi barna å ta vare på naturen? Og korleis kan vi lære dei meir om klima?

Arbeidet på dei ulike avdelingane er sjølvsagt tilpassa barna og barnegruppene, men vi meinar det er viktig å lære barna gode haldningar og korleis dei kan ta vare på miljøet rundt seg. Vi er mykje på tur i barnehagen. Det er fordi barna skal få erfaringar og positive opplevingar med å vere ute og leike i naturen - dei lærer å bli glad i naturen.

Dei yngste barna har hatt fokus på kva som er rusk og boss, og gått turar for å plukke opp i nærområdet.

Dei eldste barna jobbar med kva som skjer i naturen til dei ulike årstidene, med fokus på vår no. Dei har lært om fuglar og ulike ville dyr som lever i området. Dei har fått viltkamera som dei følgjer med på og dei har hengt opp fuglekasser som fuglane kan flytte inn i.

På våren kjem også nye blomstrar, og insekta har fått seg hotell i gapahuken. No vert det spennande å følgje med vidare.. 

Dei eldste har også byrja med kompostering av matavfall. Dei vil lære meir om kildesortering og kvifor det er viktig at vi kastar ting i riktig dunk. På denne måten arbeider vi med tema omkring gjenvinning for å spare naturen for unødvendige belastningar ved f.eks produksjon av leikar.