Vennskap og sosial kompetanse

"Å vere venner er å møtast i eit forhold der den enkelte opplever seg som godtatt og verdsatt for akkurat den han eller ho er» (Barnas trivsel – voksne sitt ansvar, Udir)

I vår barnehage byggjer vi innhaldet på eit heilheitleg læringssyn, der omsorg, leik og læring vert sett i samanheng.

Barn har sterke vennskapsrelasjonar, og mange barn gir uttrykk for at det beste med barnehagen er å få møte andre barn og leike med vennane sine. Vennskap bidreg til ei kjensle av deltaking og fellesskap som igjen bidreg til positiv sjølvkjensle. Å tilhøyre ei gruppe gjev barn trygghet og sosial tilknytning. Opplevingar saman med andre barn kan vere veien inn i nye vennskap. Å etablere vennskap og oppretthalde dei er ein viktig faktor i sosialiseringsprosessen.