Gapahuken vår

Rygg barnehage har ein gapahuk som vi brukar så ofte vi kan. Gapahuken ligg i Mattisskogen på Loggane. Vi har dyktige og driftige tilsette i barnehagen, og denne hausten har Mattisskogen fått nye leikeelement. Barna likar å leike i nye disser, klatreelement, kjøkkenkrok, balansering i tauverk og mykje meir!

Gapahuken er 30m2 og har god plass til alle barna. Den ligg fint til i «Mattisskogen» - like med grusbana. Gapahuken kan nyttast av skule, idrettslag, 4H og privatpersonar som ønskjer det.

Når vi er på tur til Mattisskogen brukar vi området rundt gapahuken til å leike piratar i båten, disse, bygge hytter, klatre i tre, leikar bjørnen sover mens vi balanserer, gøyme og leite eller gå på skattejakt. Ved gapahuken har vi benkar og bålpanne – det er alltid godt med noko varmt til lunsj når vi er ute!

Dei dagane vi er på tur til gapahuken er barna mykje i bevegelse. Vi går ca 30-40 min til/ frå barnehagen. I tillegg til å bruke området til leik utforskar vi plantar, dyr og naturfenomen.

Is med vatn inni: