Solsikka

Avdeling Solsikka held til i 1. etasje og har inngang på oppsida av huset. Dei eldste barna er på denne avdelinga, 3-6 år. Barnegruppa er inndelt i aldersgrupper: 3- åringane kallar vi apekattane, 4- åringane heiter krokodillene, medan førskulebarna er løver.

Sjølv om barnegruppa er inndelt etter alder arbeider vi i grupper utfrå barna sine føresetnader, modning og interesser. I praksis betyr det at alle barna vert godt kjende med kvarandre.

På Solsikka har vi Barnas valg, førskulegruppe, kreativ forming, matlaging og turdagar fast på månadsplanen. I tillegg deltek vi på arrangement og konsertar i løpet av året.

Personalet på Solsikka er spontane og opptatt av å gje barna varierte opplevingar.