Blåklokka

Blåklokka held til i kjellaren og har inngang på nedsida. Dei yngste barna er på denne avdelinga, 1-3 år. Barnegruppa vert inndelt i aldersgrupper og tilpassa utfrå utviklingsnivå og modning når vi planlegg aktivitetar med barna.

På Blåklokka har vi m.a samlingsstunder/ sangstunder, turdagar, formingsaktivitetar, lesestunder.

I tillegg deltek vi på arrangement og konsertar gjennom barnehageåret.

Personalet på Blåklokka er opptatt av å trygge barna og skape gode relasjonar mellom barn- barn og voksne - barn.