Takk for innsatsen Ingvill!

Ingvill har vore styreleiar i Rygg barnehage i over 6 år. Ho har vore ein engasjert og dyktig leiar for barnehagen. Ho har vore pådrivar for at barnehagen skal vere attraktiv, og saman med resten av styret har ho lagt til rette for at Rygg barnehage skal vere ein god arbeidsplass og at foreldre leverer barna til dyktige tilsette. Alle barn, foreldre og tilsette er veldig takknemlege for innsatsen!