September og oktober - sauesanking, inn-på-tunet, fargelære, mat og helse

I September har vi fått vore med på mykje spennande! Alt frå sauesanking på Arnestad, besøk hjå Ole-Kristen og fleire turar til gapahuk, bjørnehi og ut i Hans.

Dei eldste var på oppdagingstur ovanfor Gimmestadstøylen - vi leita etter eit bjørnehi og fann det!

Barna har og fått kome på besøk til Ole-Kristen for å verte kjende med nye kalvar. Det er alltid like kjekt :)

Blåklokkene har byrja med fargelære - dei lærer forskjell på grøn, raud, blå.

Solsikkene har fokus på mat og helse. Epla plukka vi på veg til gapahuken og tilberedte på bål (med noko attåt)  - det er kjempegodt!!

Veiren ut i Hans får besøk av barna - kjekt for begge partar!