Barnehageopptak 2017/18

Vi minner om søknadsfristen for hovudopptaket 1. mars 2017. Nytt barnehageår tek til 15. august 2017. Gloppen kommune har eit samordna opptak og du søkjer barnehageplass ved å nytte deg av deira elektroniske skjema (sjå heimesida til Gloppen kommune). Har du allereie barnehageplass, men ynskjer å byte barnehage, eller endre prosentstorleik, må du søkje om dette før 20. februar. Det er eit eige valg for dette i det elektroniske søknadskjemaet.