Velkommen til Rygg Barnehage

Rygg Barnehage ligg idyllisk til på sørsida av Gloppefjorden.

Barnehagen hadde 40-årsjubileum hausten 2025, med oppstart av barnepark i 1985 til dagens barnehage.

Rygg Barnehage er ein privat barnehage som er organisert som eit samvirkeforetak (SA). Det er foreldregruppa som eig og driv barnehagen gjennom barnehagen sitt styre.
Vi har 33 godkjende barnehageplassar og delar oss i småbarns- og storbarnsavdeling. I utgangspunktet har vi to avdelingar, men enkelte år delar vi storbarnsavdelinga i to grupper. Avdelingane heiter Blåklokka, Kvitveisen og Solsikka. 

Vi er opptekne av å tilby barna eit godt leikemiljø med varierte utfordringar og har fokus på rammene rundt leiken til barna. 
Vi har eit stort og godt uteområde som vi nyttar mykje. I tillegg har vi vår eigen gapahuk i Mattisskogen som er ein forlenga del av barnehagen. Elles brukar vi nærområdet vårt aktivt og har fokus på uteliv.
Språk er òg eit viktig fokusområde for barnehagen og vi ynskjer å bidra aktivt til barna si språkutvikling.

 

Visjonen til Rygg barnehage er 

- saman om ein trygg og innhaldsrik barndom -