Uteliv og nærområde

Med uteliv og nærområde som satsingsområde ynskjer vi å ha fokus på ulike sider av uteliv og kva det kan innebere med til dømes utandørs aktivitetar som leik i og med naturmaterialar, bål, grønnsakshage, dyr og insekt, og livet i fjæra.

Vi nyttar nærområdet vårt aktivt ved til dømes å gå turar, vere i Mattisskogen, gå i fjæra og besøke bøndene som er i nabolaget vårt.
Rygg barnehage ynskjer gjennom satsingsområdet å gje barna erfaringar med uteliv og nærmiljø slik at dei får bli kjende med nærmiljøet vårt, får oppleve og utforske naturen, oppleve nærheit til dyr, vere med å dyrke sin eigen mat og få forståing for kvar maten kjem frå.

Storbarnsavdeling (Kvitveisen og Solsikka) har eit ekstra fokus på uteliv og nærområde ved å prioritere lengre turar der ein gjerne er vekke heile dagen. Barnehagen sine mange gode naboar tilbyr deltaking i varierte aktivitetar knytt til dyr, gardsliv og industri - dette er dei større barna aktive deltakarar i.