Solsikka

Solsikka held til i kjellaren og har inngang på nedsida av huset. Dei eldste barna er på denne avdelinga, 5-6 åringane. I år er førskulegruppa samla - 11 barn på same alder.

Vi arbeider i grupper utfrå barna sine føresetnader, modning og interesser. I praksis betyr det at alle barna vert godt kjende med kvarandre.

På Solsikka har vi Barnas valg, førskulegruppe, kreativ forming, matlaging og turdagar fast på månadsplanen. I tillegg deltek vi på arrangement og konsertar i løpet av året.

Personalet på Solsikka er spontane og opptatt av å gje barna varierte opplevingar. Solsikkene er mykje på tur og utforskar nærmiljøet :)