Kvalitet i barnehagen

Alle barnehagane i Gloppen samarbeider om eit felles systematisk kvalitetsarbeid vi kallar resultatleiing. Bilete er tatt under utarbeiding av beste praksis på avdelinga.

Vi utarbeider eit nytt fokusområde årleg, som er likt for alle barnehagane. Kvar barnehage beheld likevel sitt særpreg ved at ein definerer Beste Praksis ut frå eigne forutsetningar og behov.
Dette arbeidet hjelper oss å dykke ned i arbeidet omkring ulike fagområder i barnehagekvardagen, og ved å arbeide på denne måten skapar vi bevissthet og refleksjon omkring arbeidet vårt. Etter kvar «arbeidsperiode» presenterer vi vårt arbeid, praktisk og fagleg, for dei andre barnehagane i kommunen.