Språk

Språket er vårt viktigaste reiskap for å gjere oss forstått, danne relasjonar, ta del i fellesskap, tileigne oss kunnskap og mykje anna. Språk og kommunikasjon er grunnleggande viktig for menneskjet og eit naturleg satsingsområde for barnehagen.

Barnehagen skal bidra til å vidareutvikle barna sitt språk og støtte deira språkutvikling ved å vere gode rollemodellar, setje ord på opplevingar, erfaringar og kjensler, utvide språket, modellere språket i bruk og gje barna varierte erfaringar med korleis språket er nyttig for oss.

Personalet er bevisste på å setje ord på «alt» i møte med barna og «bade» dei i språk. Personalet er språkleg aktive, dei tilpassar språket til samtalepartnaren og er merksame på at tilpassinga føl barnet si språklege utvikling og utvidar språket slik at barna kan strekke seg til neste utviklingstrinn.

Innan satsingsområdet språk ynskjer Rygg barnehage å legge til rette for at barna vert kjend med andre typer kommunikasjon enn utelukkande verbal tale, og har difor fokus på bruk av teikn til tale i kommunikasjon med barna. Nokre av dei tilsette er tidlegare kursa i teikn til tale og barnehagen har tilgang på ein «bank» med teikn vi kan nytte. Vi nyttar teikn til tale først og framst i samling, til enkelte songar og ved å gje barna kvart sitt teikn for namnet sitt. Enkelte teikn til ord vi nyttar hyppig, nyttar vi òg i dialog med barna. Slik vert barna kjend med at det finnast fleire typar kommunikasjon i tillegg til ulike språk. Barna på småbarnsavdeling får òg moglegheit til å uttrykke namn og enkeltord sjølv om deira verbale språkutvikling kanskje ikkje tillet dei å uttrykke desse orda heilt enda.