Gapahuken er 30 m2 og rommar alle barna i Rygg barnehage. Den ligg fint til i Mattisskogen på Loggane.
På tur i Mattisskogen får barna vere i eit med naturen når dei leikar, utforskar og brukar alle delar av kroppen. Ved gapahuken har vi bålpanne og sitjeplassar, og vi kan fyre opp omnen inne i gapahuken dersom vi frys litt. Her er med andre ord lagt til rette for lange dagar utandørs.
Med gapahuken som utgangspunkt kan vi leike, utforske, vere fysisk aktive, studere insekt, plantar og dyr, gå på sauesanking eller ha sykling og kappløp på Loggane.
Her kosa vi oss skikkeleg!
Pssst... vil du låne gapahuken vår?
Berre ta kontakt. Du får låne den heilt gratis, mot at du behandlar den og området som om det var ditt eige.