I vår barnehage byggjer vi innhaldet på eit heilheitleg læringssyn, der omsorg, leik og læring vert sett i samanheng.
Barn har sterke vennskapsrelasjonar, og mange barn gir uttrykk for at det beste med barnehagen er å få møte andre barn og leike med vennane sine. Vennskap bidreg til ei kjensle av deltaking og fellesskap som igjen bidreg til positiv sjølvkjensle. Å tilhøyre ei gruppe gjev barn trygghet og sosial tilknytning. Opplevingar saman med andre barn kan vere veien inn i nye vennskap. Å etablere vennskap og oppretthalde dei er ein viktig faktor i sosialiseringsprosessen.