Voksenrolla

I Rygg barnehage arbeider det positive og varme mennesker som tek ansvar og ser det enkelte barn. Vi ser muligheter, er kreative og ler saman med barna. Vi har ulike og utfyllande kvalitetar med rom for alle personlegheiter i eit rikt mangfald

I Rygg barnehage:

•          Tek vi barna sine uttrykk på alvor, ved å møte dei på en anerkjennande måte, oppmuntre dei til å gje uttrykk for tankar og meiningar, og støtte barna ved å stille spørsmål og undre seg saman med dei.

•          Lyttar vi til og tolkar barna sitt kroppsspråk         

•          Er vi observante i forhold til barna sine ulike måtar å uttrykke seg på

•          Kommuniserer vi med barna og foreldrene på ein god måte

•          Tek vi oss tid, og gjev rom for å lytte og samtale med barna

•          Er vi tydelege og ansvarsfulle, og tek hensyn til heile barnegruppa

•          Skapar vi eit inkluderande fellesskap med plass til det enkelte barn

Vi arbeider og utviklar oss for å vere så gode rollemodellar som mogleg. Det er viktig at barn vert motivert til å delta i leiken og lærer seg korleis gode leikesituasjonar skapast. Vår oppgåve er å legge til rette for læring, og skape inspirasjon og idear til innhold i leiken.

Personalgruppa er samansatt av fire barnehagelærarar, ein fagarbeidar og 3 assistentar. For å halde oss fagleg oppdaterte deltek vi i forskningsprosjekt i regi av m.a Høgskulen i Sogn og Fjordane, har fokus på kvalitetsarbeid gjennom Resultatleiing og nyttar relevant faglitteratur for å auke kompetansen i det pedagogiske arbeidet.