Medisinhandtering i skular og barnehagar

Skulane, SFO og barnehagane i Gloppen har eigne rutinar for bruk av medisin i barnehagetida/skuletida. Dette er for å sikre at barn som treng medisin får den til rett tid og på rett måte.

Det føreligg ei felles rutine når barn treng medisin i barnehagetida. Om dette gjeld ditt barn, vil du få meir informasjon frå personalet og ein samarbeidar om handteringa av medisinen.

Her er eit utdrag frå rutina (les meir her Medisinhandtering i skular og barnehagar - Gloppen kommue):

Føresette har ansvar for

  • at barnehagen får medisinen barnet skal bruke i barnehagetida, saman med legemiddelkort og eventuell instruks for akuttbehandling / anfallsbehandling
  • at aktuelt personale i barnehagen har fått nødvendig opplæring. Føresette kan be helsepersonell ta seg av opplæringa når det er nødvendig
  • at medisinansvaret blir overlate skriftleg til namngitte personar i barnehagen
  • å levere oppdatert legemiddelkort ved endring av dosering / medisinering 
  • at barnehagen kjenner til barnet sin sjukdom og kva som evt kan hindre anfall eller dårleg regulert sjukdom

Personalet v/pedagogisk leiar har ansvar for

  • å sette seg inn i barnet si legemiddelhandtering, og sikre seg at alle aktuelle opplysningar er mottekne 
  • å kvittere ut  medikament som blir delt ut

Innlevering av medisin

Føresette leverer inn medisinen mandag morgon for ei veke om gongen. Tablettar / kapslar skal leverast i eigen dosett som berre inneheld medisin som skal leverast ut i barnehagetida. Dosetten skal vere merka med eleven sitt namn, legemiddeltype og doseringstidspunkt. Legemiddel som ikkje kan leverast i dosett, t.d. astmaspray, insulinpenn, mixtur, kremar o.l. skal leverast i orginalembalasje og vere godt merka med barnet sitt namn og dosering, og det skal følgje med bruksrettleiing (pakningsvedlegg). 

Utlevering av akuttmedisin / anfallsmedisin

Dersom barnet kan få bruk for legemiddel ved anfall eller i akuttsituasjonar, skal føresette levere med eigen instruks om korleis medisineringa skal gå føre seg og kva tiltak som ellers må setjast i verk. T.d. om når lege skal kontaktast. Føresette skal alltid ha melding når anfallsmedisin / akuttmedisin er gitt.

 

Barnehagen har skjema som ein nyttar ved medisinhandtering, som er i tråd med rutina.