Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombod i Vestland fylke - Aina Drage. Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehagemiljø. Eg kjenner barn og unge sine rettar og kan fortelje deg korleis du skal gå fram om eit barn ikkje har det bra. Alle kan ta kontakt med mobbeombodet. Eg har teieplikt, det tyder at vi ikkje seier noko vidare utan at du ønskjer det.

Mobbeombodet i Vestland er eit lågterskeltilbod for barn og føresette i Vestland. Det vil seie at alle kan spørje ombodet om råd om barnehagemiljø.Ombodet skal utføre arbeidet sitt på eit fritt og sjølvstendig grunnlag
Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no Du kan følgje ombodet på Facebook (www.facebook.com/mobbeombod).
Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp, på www.vlfk.no/mobbeombodet