22. april Fagkveld i kultursalen

Tysdag, rett over påske, kjem Line Maie Warholm til Sandane: «Kva er psykisk uhelse, og kva er naturlege reaksjonar? For at barna skal få øve på å tole følelsane sine, må vi voksne tole våre. Vi må la barna få utforske verda og gå litt på trynet – heilt i fred!»

«Robuste barn» er ein del av arbeidet med oppvekstplanen. Kommunen vil gi foreldre og tilsette noko å reflektere over, og høve til å snakke i lag etterpå. Derfor blir det også ein te ma-/diskusjonskveld i kommunestyresalen tysdag 29. april kl. 18-20.

Det er reservert ein del gratis billettar til foreldre, -men de må bestille på førehand: Finn foredraget på Trivselshagen si nettside. På billettsida vel de «Fribillett Oppvekst» og bruker koden: Robust2025

Vi håper på oppmøte frå alle heimane!

Vel møtt!

Kommunalsjef oppvekst, Per Arne Strand