Fagkveld i Operahuset på Eid
Tysdag 8.april var vi på fagkveld for barnehagetilsette i Nordfjord. Tema var Språk og språkets makt med Anita M Bjorvand frå universitet i Agder. Vi fekk ei lærerik økt om kva nye bøker vi kan bruke i barnehagen og tips til korleis vi kan skape enda meir inspirasjon til lesing. Kvelden vart avslutta med at Maria Parr las frå boka si - Oskar og eg.
